Godøy Kystmuseum

Om godøy kystmuseum

Velkomen til Godøy Kystmuseum – ein portal til kysten si historie og kulturarv.

Museet vårt fortel historia om kystsamfunnet, folket, tradisjonane og levemåten gjennom tidene.

Godøy Kystmuseum tilbyr varierte utstillingar fordelt over tre etasjar i ei eldre skulebygning. Bli med på guida omvisningar og opplev dei tre separate utstillingane, medan guiden fortel spennande historier om alt du ser. Losutstillinga i Oppigardstova og ei grindløe, som vart nyopna i sommar etter å ha blitt flytta frå Oppigard på Godøya, viser lokal loshistorie. Ei ny arkeologisk utstilling syner arkeologiske funn frå alle dei fire øyane i Giske kommune. Forhistoria frå heile kommunen vert presentert, med særleg fokus på dei store gravhaugane frå romersk jarnalder.

Godøy Kystmuseum tar òg imot grupper som ønskjer middagsservering eller kaffe og kake i hovudhuset eller i Oppigardstova. Kvar fredag under sommarsesongen tilbyr museet aktivitetsbasert formidling for born. I tillegg finn du ei rikhaldig utstilling som handlar om kva verknad andre verdskrig hadde på Godøya. Uniformar, gjenstandar, tekstar og fotografi fortel dramatiske og gripande historier om dei som budde på øya i krigsåra, og om dei mange som reiste ut for å kjempe for fedrelandet.

I kjellaren kan du lære mykje om fiske og fangst langs kysten av Sunnmøre, og her finst det ei mengd gjenstandar du kan utforske – kanskje du til og med kan gjette deg til kva dei vart brukt til? Klippfisktørking og sel-/hvalfangst har òg fått si eiga utstilling på Godøy Kystmuseum, så her kan du lære mykje om ulike sider av kystkulturen.

Skroll til toppen