Opplev museet
Oppdag historia, utforsk utstillingane, og ta del i ei spennande reise gjennom kystkulturen på Godøy Kystmuseum.
Her finn du noko for både små og store!
utstillingar
Lokal loshistorie
Utforsk historia til losane som gjorde sjøfarten trygg langs kysten. Sjå unike gjenstandar og høyr fascinerande historier om kystens heltar.
Arkeologisk historie
Sjå arkeologiske funn frå dei fire øyane i Giske kommune, inkludert dei imponerande gravhaugane frå romersk jarnalder.
2. Verdenskrig
Dramatiske og rørande historier frå krigsåra med uniformar, gjenstandar og fotografi frå både heimefronten og dei som reiste ut.
aktivitetar og opplevingar
Guidede omvisningar
Bli med våre kunnskapsrike guidar på ei omvising og høyr dei spennande historiene bak utstillingane.
aktivitetar for born
Kvar fredag i sommar tilbyr vi aktivitetsbasert formidling for born, der dei kan lære gjennom leik og oppgåver.
Arrangement
Opplev levande historie med temadagar, føredrag og spesielle arrangement som gir deg eit unikt innblikk i kystkulturen.
praktisk informasjon
opningstider
Vi har faste opningstider i sommarsesongen, men besøk utanom sesongen kan avtalast på førehand. Ta kontakt med oss for å finne eit tidspunkt som passar!
grupper og booking
For grupper og skuleklasser tilbyr vi tilpassa omvisningar med moglegheit for servering av middag eller kaffe og kake. Ta kontakt for å bestille!
parkering
Vi har gratis parkering for tilreisande med bil.